Punktering øydela for Daniel Holten

Lagret under Nyheter, Rallycross

Rallycross

Det som såg ut til å bli ein sikker pallplass vart øydelagd av ei punktering. Samanlagt ligg Daniel Holten på ein fjerde plass etter NM-opninga i rallycross.

– I finalen kom eg ut som nummer to og hadde full kontroll og følte at eg kunne vere med å kjempe om sigeren, men ut på den andre runden kom det ei punktering på høgre bakhjul og måtte sleppe dei andre forbi meg. Enda til slutt på femte plass i løpet, forklarar Daniel Holten, som ikkje er heilt nøgd med det. Før dette hadde han nemleg vore raskast av alle.
– Ja, litt irriterande dette når eg hadde den høgaste farten på banen. På treninga og i første og tredje omgang var eg raskast, og viste at eg hadde den farten som trengst.

Sjølv om Daniel var nummer fem i løpet, ligg han likevel på ein uoffisiell fjerdeplass i samandraget fire poeng bak leiaren Fredrik Magnussen, NMK Hønefoss.

Andre NM-runde går på Melhus 1.- 2. juni.

NM-stillinga etter første NM-runde i Supernasjonal inntil 2000 kubikk:
1. Fredrik Magnussen, NMK Hønefoss, 31
2. Sigurd Erik Egeland, NMK Kvinesdal, 30
3. Per Magne Røyrås, NMK Kvinesdal, 30
4. Daniel Holten, NMK Vikedal, 27
5. Anders Bråten, NMK Hønefoss, 24
6. Morten Nordbø, NMK Aust-Agder, 19

Foto: Holten Media

Comments are closed.