Daniel Holten vil kjempe om gullet

Lagret under Nyheter, Rallycross

Rallycross

Daniel Holten er klar for ein ny NM-sesong i rallycross ,og opninga på Konsmo Motorbane til helga. I fjor blei det sølv, no vil han høgare opp og ta gullet.

I helga køyrde han første runde i Vestlandsmesterskapet heime på Vikedal Motorbane, som ein siste test før NM-sesongen startar.
– Det blei ein god test sjølv om eg måtte gi meg etter tredje omgang. Fekk problem med clutchen, men dette er fiksa å me er klar igjen, seier Daniel Holten, som ser fram til å køyre på Konsmo Motorbane.
– Målet er heilt klart å vere med å kjempe om ei topp plassering.

Medan Daniel var usikker, og køyrde sitt første løp på Konsmo Motorbane i fjor, er situasjonen ein annan no.
– Eg vann NM-runden på Konsmo i fjor. Banen passa meg bra og målet er å vere med å kjempe om sigeren også i år, seier han.

Skal det gå er han likevel avhengig av at rallycrossbilen fungerer hundre prosent. Han held fram i Ford Fiestaen han har køyrd dei siste sesongane, og før sesongen har bilen vore heilt nedplukka og forbetra der dette har vore nødvendig. I tillegg er det sett inn ein heilt ny bakaksling.
– Med ein ny type bakaksling, som både er lettare og sterkare enn den gamle, er håpet at bilen skal bli enda betre å køyre enn i fjor. Det fungerte veldig bra på Vikedal Motorbane på laurdag, sluttar han.

Årets NM-serie i rallycross går over seks rundar, med fem teljande. Meisterskapen blir avslutta med finale på Momarken Bilbane 21. september.

Foto: Holten Media

Comments are closed.