Daniel Holten har to poeng opp til NM-gullet

Lagret under Nyheter, Rallycross

Rallycross

Daniel Holten har to poeng opp til NM-gullet når han til helga køyrer NM-finale i rallycross på Gardermoen Motorpark.

– At eg før finalane ligg på ein tredje plass og berre har to poeng å ta inn på Sivert Svartdal, med Jan Emil Wilsberg mellom oss, gjer at dette bli veldig spennande. Det blir rett og slett første mann i mål som tar det, og ingenting er avgjort før A-finalen er i mål, seier Daniel Holten som er glad for at han får vere med på dette.

– Eg vann den førre runden på Konsmo, og kom meg inn i gullkampen. Dette sjølv om eg måtte køyre med ein bil som ikkje lada, i tillegg til at eg fekk ei punktering i fjerde omgang. Sett under eit er eg eigentleg nøgd med å vere topp tre i NM, men sjølvsagt når eg er så nær gullet skal eg gjere alt for å kome høgare opp.

Førebuingane har vore gode.
– Sist helg var eg på Gardermoen og testa, noko som me fekk mykje ut av. Fekk prøvd ulike oppsett på bilen og rundetidene blei betre og betre utover i testen. Trur førebuingane har vore så gode som dei kan vere, så er det berre å håpe at me får fullføre eit løp utan problem eller feil underveis i løpet, sluttar Daniel Holten.

NM-stilling før finalen, Supernasjonal t.o.m. 2000 kubikk:

1. Sivert Svardal, NMK Konsmo, 116
2. Jan Emil Wilsberg, NMK Kongsvinger, 115
3. Daniel Holten, NMK Vikedal, 114
4. Morten Nordbø, KNA Aust-Agder, 90
5. Kenneth Johansen, NMK Vikedal, 78
6. Sigurd Erik Egeland, NMK Kvinesdal, 56

Foto: Rune Johannesen

Comments are closed.